Kort fortalt

Reker er ikkje berre mat

Rekeskal verkar mot underlivssopp.

07.12.2015
(NPK-NTB): Reker kan brukast til mykje meir enn mat. Forskarar har no funne ut at rekeskal kan kurere sopp i underlivet.
Vaginale infeksjonar, for eksempel soppinfeksjonen candida albicans – bekteriell vaginose – er noko dei fleste kvinner blir ramma av ein eller fleire gonger i livet.
Sjølv etter behandling opplever 60 prosent av alle kvinner som blir ramma av bakteriell vaginose, at ein ny infeksjon dukkar opp.
Forskar Toril Andersen ved har i samband med doktoravhandlinga si undersøkt om ein kur utvunnen frå rekeskal kan vere ei løysing. Og resultatet av forskinga er oppsiktsvekkjande:
Andersen fortel at ho har oppdaga at eit stoff vunne ut frå rekeskal, faktisk kan kurere vaginale infeksjonar.
– Chitosomer kan hemme veksten av, eller til og med drepe dei bakteriane eller den soppen som gjer at du får vaginale infeksjonar, seier ho.
Forskinga til Andersen viser at kuren er trygg og samtidig gir færre biverknadar enn behandlinga som blir brukt i dag.
– Chitosomene kan også kombinerast med antibiotika, og dermed har ein to angrepspunkt, fortel ho. (©NPK)

Publisert: 07.12.2015 18:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49