Kort fortalt

Rekord for høgare utdanning

Tollutdanninga er ekstra populær.

23.04.2021

(NPK-NTB – Fredrik Moen Gabrielse) Aldri før har så mange søkt plass på høgare utdanning i Noreg, med over 154.000 søkjarar i år. Den nye tollutdanninga er blant dei mest populære hos søkjarane.

Årets søkjarar er 3.304 fleire enn i fjor, ein auke på 2,2 prosent. Til hausten er det planlagt i alt 61.673 studieplassar i Noreg.

– Det er veldig bra at mange ønskjer å ta høgare utdanning. Erfaringa frå tidlegare kriser viser at fleire ønskjer å utdanne seg når tidene er dårlege. Det såg vi i fjor og det ser vi også i år, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

– For kunnskapsnasjonen Noreg er det gode nyheiter fordi vi treng fleire kloke hovud i alle sektorar, seier han.

Sjølv om dei fleste aldersgrupper er godt representerte blant søkjarane i år, er auken i år størst blant dei eldste aldersgruppene. Det er i år over 4.200 fleire søkjarar over 30 år enn i fjor.

Asheim peikar på at det ofte er dei same studiane som ligg i søkjartoppen kvart år. Til hausten startar likevel eit splitter nytt bachelorstudium i toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger.

I år er tollutdanninga blant dei mest populære studiane. Heile 2.064 søkjarar har sett studiet på førsteplass. Det blir med andre ord hard konkurranse om dei 35 plassane.

− Dette er eit spennande samarbeid mellom Tolletaten og Universitetet i Stavanger, og som tydelegvis har vore eit etterlengta tilbod. Det er mogleg TV 2- serien «Toll» òg har bidrege til å vise fram kor utruleg spennande og viktig yrket er, seier Asheim.

Siviløkonomutdanninga ved Noregs handelshøgskole (NHH) er studiet som flest søkjarar har som førstevalet sitt. Også rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo ligg i søkjartoppen.

Etter eit år prega av koronapandemi og mykje merksemd rundt det norske helsevesenet, er det litt fleire søkjarar i år på helse- og sosialfagutdanningane, med nær 40.000 førstevalssøkjarar. Dermed har meir enn kvar fjerde søkjar helsefag på topp.

Nesten 9 prosent ønskjer å ta sjukepleiarutdanninga, noko som er ein liten nedgang på 1,6 prosent frå i fjor.

– Både sjukepleiarar og andre yrkesgrupper i helsetenesta har i over eitt år stått i førstelinja i nedkjempinga av pandemien. Også i åra framover er vi heilt avhengige av fleire flinke folk som kan bidra i helse- og omsorgssektoren, seier Asheim.

Publisert: 23.04.2021 08:20

Sist oppdatert: 23.04.2021 08:22