Kort fortalt

Rekordeksport av kraft til utlandet i fjor

Gir store inntekter for Statnett.

24.03.2025

(NPK-NTB): Noreg eksporterte meir kraft til utlandet i fjor enn nokon gong før. Det fører til milliardar i kassa for Statnett.

Totalt vart det sendt 32 TWh ut av landet, som er ein auke frå 30 TWh året før, skriv Klassekampen. Samtidig var kraftimporten på 14 TWh, ifølgje Statnetts årsrapport.

Til samanlikning har Oslo eit årleg energiforbruk på 14 TWh.

Kraftutvekslinga gir store inntekter for Statnett som eig kraftkablane. I fjor hadde det statseigde selskapet såkalla flaskehalsinntekter på over 11 milliardar kroner, ein auke frå 9,9 milliardar året før. Flaskehalsinntekter er inntekter som oppstår når kraft blir overført mellom område med ulik kraftpris, både i Noreg og i utlandet.

Flaskehalsinntektene frå utanlandskablane auka med 30 prosent i 2024, ifølgje Statnett.

Fornybar Norge meiner inntektene frå kraftutvekslinga gir grunn til jubel. Næringspolitisk rådgivar Lars Tennbakk Bockman seier det aldri har vore større prisforskjell mellom Noreg og Europa enn i 2024.

– Vi kan eksportere straum dyrt og importere billig, seier han.

Noko av årsaka til den rekordhøge eksporten er også at det kom mykje regn i fjor.

(©NPK)

Publisert: 24.03.2025 10:55

Sist oppdatert: 24.03.2025 10:55

Mer om