Kort fortalt
Rekordhøg vindkraftproduksjon
Ferske tal frå NVE.
30.11.2022
(NPK-NTB): Førre veke hadde Noreg den høgaste vekeproduksjonen av vindkraft nokosinne, opplyser Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
– Både kraftforbruket og kraftproduksjonen gjekk opp førre veke. Høgare vindkraftproduksjon stod for det meste av auken, og førre veke var vindkraftproduksjonen den høgaste på ei veke i Noreg nokosinne, seier direktør Inga Nordberg for energi- og konsesjonsavdelinga i NVE.
Publisert: 30.11.2022 14:12
Sist oppdatert: 30.11.2022 14:13