Kort fortalt

Rekordhøgt CO2-utslepp

Globale utsleppa gjekk opp 0,9 prosent.

02.03.2023
(NPK-NTB-AFP): Det globale CO2-utsleppet frå energisektoren auka med 0,9 prosent i fjor til ei ny toppnotering, ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA).

Dei globale utsleppa gjekk opp 0,9 prosent til rekordhøge 36,8 milliardar tonn.

Takka vere fornybart var likevel auken mindre enn venta, gitt den globale energikrisa. Auken i energisektoren, som står for meir enn tre firedelar av dei totale utsleppa, er ikkje berekraftig, skriv IEA i ein ny rapport.

– Utan rein energi ville auken av CO2-utslepp vore nærare tre gonger så høg, seier IEA-sjef Fatih Birol.

Publisert: 02.03.2023 09:24

Sist oppdatert: 02.03.2023 09:48

Mer om