(NPK-NTB): Trua på norsk økonomi neste år er i dag den lågaste blant folk flest på mange år.
Det viser årets Forventningsbarometer frå Finans Norge. Trua på økonomien har ikkje vore lågare sidan målingane starta i 1992. Spareviljen har heller aldri vore høgare.
Samtidig er folk langt meir optimistiske på eigne vegner enn på vegner av økonomien i landet.
– Delen som trur på ei betring i privatøkonomien viser ein liten auke. Dei fleste har trygge jobbar, ein trygg privatøkonomi og kan dermed halde oppe eit normalt forbruk, seier administrerande direktør Idar Kreutzer i Finans Norge.
Svake veksttal for norsk økonomi og stigande arbeidsløyse bidrar til å skape uvisse, og responsen i hushalda er auka sparevilje, ifølgje Forventningsbarometeret for fjerde kvartal.
– I Forventningsbarometerets snart 24-årige historie har vi ikkje registrert høgare tal for spareviljen enn i dette kvartalet, seier Kreutzer.
– Det paradoksale er at dei som har ein trygg jobb og utsikter til stabil inntekt truleg vil få ei betring i kjøpekrafta neste år som følgje av lønnsvekst og låg lånerente. I så måte er det ikkje overraskande at fleirtalet av hushald trur på uendra eller betra privatøkonomi neste år. (©NPK)

Publisert: 24.11.2015 08:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50