Rekordmange bedrifter tvangsavvikla
Men framleis færre konkursar.
– Den kraftige auken i tvangsavviklingane no i haustmånadene kjem av at styresmaktene gjennom pandemien har gitt bedrifter som slit litt ekstra tid til å komme seg på beina igjen, då har det nok hopa seg litt opp. Likevel er det framleis ein auke totalt sett på 12 prosent hittil i år, så fleire enn før blir tvinga til å oppløyse selskapet, seier kredittøkonom Per Einar Ruud i Dun & Bradstreet.
Sjølv med høge tal for tvangsavviklingar ser vi framleis ein overraskande stor nedgang i talet på konkursar gjennom året. I oktober gjekk tala for konkursar ned med 18,9 prosent, slik at det samla talet på konkursar og tvangsavviklingar endå med ein nedgang på 5,1 prosent samanlikna med oktober i fjor. Etter ti månader av året har 4.104 bedrifter gått over ende, noko som er 9,1 prosent færre enn på same tid i fjor.
(©NPK)
Publisert: 03.11.2021 12:58
Sist oppdatert: 03.11.2021 13:00