Har kjøpt konkursbuet i Stø Technology
Ein av gründerane i teknologiselskapet som vil revolusjonere trålfiske, vil sikre delar av arbeidet.
Jan Børge Vik, som er ein av tre gründerane frå oppstarten av Stø Technlology, har kjøpt konkursbuet gjennom selskapet Sunnmøre Visjonsstøperi.
– Eg vil forsøke å redde noko av det som er lagt ned av ressursar og arbeid i å utvikle konseptet. Det dreier seg mellom anna om å ivareta patentar og grunnlaget for oppfinningar som inngår i systemet, fortel Vik til NETT NO.
Måtte melde oppbod
Stø Technlology har jobba med å utvikle eit nytt fangstsystem for trålarar, men måtte melde oppbod i august etter at dei ikkje kom til ei løysing med kreditorane.
– No vil vi sjå på det som er gjort, og det vi hadde tenkt til å gjere – før vi bestemmer oss for korleis vi kan vidareføre arbeidet, fortel Vik.
Pål Arne Roaldsnes og Arne O. Flø var med å starte Stø Technology på Hareid. Etterkvart flytta dei til Ålesund, og no tar Vik arbeidet vidare åleine gjennom selskapet Sunnmøre Visjonstøperi.
Les også
Fleire interesserte
Bustyrar Axel Villads Lange opplyser til NETT NO at det var fleire interesserte og at Vik fekk tilslaget på buet for 375.000 kroner eksklusiv moms. Salet blei gjort i forståing med Sparebank 1 SMN, som hadde pant i driftsutstyret som mellom anna bestod av patentsøknader og testmaskinar.
I sluttrapporten til bustyraren går det fram at gjelda etter konkursen enda på nær 2,7 millionar kroner – som det ikkje var dekning for.
Bustyrar meiner det ikkje er grunn til å tru at det har skjedd noko straffbart i samband med konkursen, arbeidet med buet blei føreslått innstilt førre veke.
Banken sette foten ned
I rapporten blir det påpeika at interessa kring ideen har vore stor, men at utvikling og utprøving tok så lang tid at selskapet gjekk tom for midlar.
Allereie året etter at Stø Technology blei etablert i 2017, var dei ein av tre nominerte til stiftinga Nor-Fishing sin innovasjonspris. Dei har også vore i finalen i gründerkonkurransen Næringsteft.
Før konkursen forsøkte selskapet på ulike måtar å få til ei løysing med kreditorane for å sikre kapital til vidare drift. I beretninga frå bustyraren kjem det fram at det ble jobba med ei restrukturering i sommar, men at «ein del føresetnader ikkje slo til», og at banken ikkje kunne godta forslaget.
Publisert: 26.10.2021 05:55
Sist oppdatert: 26.10.2021 08:15