Kontakt med potensielle nye eigarar til Kleven
OMFATTANDE: Bustyrar Bjørn-Åge Hamre har mykje å gå gjennom med konkursane etter dei tre Kleven-selskapa. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Søksmål etter Kleven-konkursen let vente på seg

Bustyrar treng lengre tid til å «rydde opp» og ta stilling til saka mot den tidlegare verftseigaren.

Marius Rosbach
08.10.2021

Buet etter konkursen i fleire Kleven-selskap i fjor treng lengre tid enn dei venta til å bli ferdig med arbeidet.

Det opplyser bustyrar Bjørn Åge Hamre til NETT NO.

I slutten av august opplyste Hamre at buet rekna med å ta stilling til om dei skal stemne den tidlegare verftseigaren Tomislav Debeljak i løpet av september.

– Omfattande og kompleks
No opplyser Hamre at dei kjem med noko nytt «i løpet av dei komande månadene».

Bustyraren jobbar også med å sluttføre rapportane om konkursane.

På spørsmål om kva som er årsaka til at arbeidet dreg ut, svarar han: – Ikkje noko anna enn at saka er omfattande og kompleks.

Tomislav debeljak kleven juni 33
KAN BLI SAKSØKT: Tidlegare Kleven-eigar, Tomislav Debeljak, kan bli stemna av buet etter konkursane i verftsselskapa, Foto: Marius Rosbach

Held Debeljak personleg ansvarleg
Buet har tidlegare konkludert med at dei held Debeljak personleg ansvarleg for verftskonkursen.

Eit eventuelt søksmål og erstatningskrav kan bli retta både mot Debeljak og mot det kroatiske DIV Group-systemet, som eigde Kleven Verft.

Dei økonomiske tapet som eit eventuelt søksmål skal erstatte er på 351 millionar kroner.

Har sjølv truga med søksmål
Tidlegare Kleven-eigar av Kleven, Tomislav Debeljak, har fleire gonger sjølv truga med søksmål og rettslege skritt etter konkursen ved verftet i Ulstein.

Seinast i rekneskapen til den kroatiske forretningsmannen sitt norske selskap, Div Shipbuilding Norway, blei det hevda at selskapet hadde gått til søksmål. NETT NO har ikkje fått svar frå DIV Group om saka – og er ikkje kjent med at det er levert inn stemning til ein norsk domstol.

Publisert: 08.10.2021 05:55

Sist oppdatert: 08.10.2021 07:05

Mer om