Det er godt nytt for miljøet.
Den ferske bruktmarknadsundersøkinga frå Finn viser for første gong at over halvparten av den vaksne befolkninga har kjøpt brukte klede. Heile 54 prosent oppgir at dei har kjøpt brukt, og dette er ein auke på 9 prosentpoeng frå 2019. Auken er størst blant kvinner i aldersgruppa 30–49 år.
– Dette er gode nyheiter for miljøet, og det viser at folk er meir bevisste på å tenkje brukt før nytt, seier Kathrine Opshaug Bakke, direktør og bruktekspert på Finn torget, i ei pressemelding.
Undersøkinga viser også at to av tre nordmenn meiner dei har vorte meir opptekne av berekraftig produksjon og å ta miljøomsyn enn for nokre få år sidan. Berre 21 prosent av befolkninga oppgir at dei kjøper klede kvar månad eller oftare, og dette er ein nedgang på heile 11 prosentpoeng frå 2019.
– I tillegg viser undersøkinga at nesten ein tredel av oss sjekkar bruktmarknaden før vi eventuelt kjøper noko nytt, og fleire enn tidlegare vurderer å handle brukt, fortel Opshaug Bakke.
Ein av fem unge mellom 16 og 26 år seier at dei føretrekkjer å kjøpe brukte klede fordi dei er opptekne av pris og gjenbruk. Av dei som ikkje føretrekkjer brukthandel, svarar dei fleste at årsaka er at det er vanskeleg å finne ting dei treng, og at det ikkje kjennest like trygt som å kjøpe nytt. Brukthandel er meir populært blant jenter enn gutar, og Oslo-befolkninga er mest positiv. Det kan ha samanheng med at det er betre tilgang på butikkar og loppemarknadar i Oslo og andre store byar.
Publisert: 24.04.2023 20:28
Sist oppdatert: 24.04.2023 20:28