Kort fortalt

Rekordoppdrag for Volda Maskin

Med på storkontrakt på veg i Ålesund.

18.12.2023

NCC har med seg Volda Maskin på laget i bygginga av ny Lerstadtunnel på E136, ifølgje Sunnmørsposten.

Oppdraget er det største det lokale anleggsfirmaet har sikra seg nokon gong.

– Det er tøffe tider i bransjen, det merkar vi. Dette vil sikre ein betydeleg del av omsetninga vår i fleire år, seier dagleg leiar Hans Petter Eldevik til avisa.

Han ser ikkje vekk frå at dei kan trenge feire folk som følgje av kontrakten. I dag har Volda Maskin kring 50 tilsette, og er i ferd med å avslutte arbeidet på fylkesveg 63 til Geiranger.

Publisert: 18.12.2023 11:52

Sist oppdatert: 18.12.2023 11:52

Mer om