Volda Maskin 2023 foto Ogne
VEKST: Volda Maskin auka talet på sysselsette årsverk i 2022, og har i ei årrekke satsa tungt på tilrettelegging for læreplassar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vekst, men minusresultat for Volda Maskin

Eit akseptabelt resultat i eit utfordrande år, melder styret i Volda-bedrifta.

Linn Antonie Vårdal Solheim
14.08.2023

Kostnadane auka meir enn inntektene for Volda Maskin i 2022.

Trass i ein oppgang på meir enn 12 millionar i salsinntekter, enda driftsresultatet på minussida for bedrifta, i motsetning til pluss 3,1 millionar i 2021.

I årsmeldinga til selskapet skriv styret at årsresultatet er noko lågare enn venta, men at det med tanke på prisveksten og dei utfordrande markedstilhøva som var til stades i 2022 er eit akseptabelt resultat.

I april i år tok nordfjordingen Hans Petter Almenning Eidevik over som dagleg leiar i maskinentrepenørselskapet.

Tapte rettssak
Mot slutten av 2022 var selskapet involvert i ei rettssak der selskapet vart dømd i tingretten til å betale nær 1,4 millionar kroner i erstatning og saksomkostningar til trøndelagselskapet Kraftmontasjen, for over- og feilfakturering på arbeid som maskinentrepenøren utførte i 2020.

Volda Maskin anka og og fekk medhald i lagmannsretten.

Nedgang i ordrereserver
Ved utgangen av 2022 hadde selskapet kontraktsfesta ordrar tilsvarande 86 millionar. Dette er ein kraftig nedgang frå året før, då ordrereservane var på 116 millionar kroner.

Om lag 90 prosent av desse oppdraga skal utførast i år, kjem fram av årsmeldinga for 2022.

Fleire tilsette
Bedrifta vaks i 2022, og auka talet på sysselsette til 71 årsverk i snitt. Året før sysselsette dei 66 årsverk.

Selskapet er involvert i ei rekke større og mindre anleggsprosjekt på Sunnmøre og i Nordfjord, og søkte i vår etter fleire folk grunna auka arbeidsmengde.

Fokus på rekruttering
Volda Maskin har i ei årrekke hatt eit aktivt forhold til å drive med kompetanseutvikling lokalt, og har vore ein viktig aktør i satsinga på lærlingeplassar i regionen.

- Det er viktig at bedrifter som har moglegheita satsar på dei unge, og gir dei læreplass slik at ungdommen får den praktiske tilnærminga dei treng for å verte dyktige fagarbeidarar i framtida, skriv bedrifta på nettsidene sine.

I 2019 mottok Volda Maskin den høgthengande prisen for Årets Lærebedrift, og det å satse på lærlingar har vore ei viktig strategisk prioritering for selskapet.

- Ein ting er at vi får kompensert ved offentlege oppdrag når vi satsar på lærlingar, men vi får også att ved at det er lettare å rekruttere faste tilsette, sa tidlegare dagleg leiar Jon Grebstad til NETT NO i 2021.

Volda Maskin
Tal i millionar kroner20222021
Driftsinntekter158,4146,2
Driftsresultat-0,63,1
Resultat før skatt-1,32,5

Publisert: 14.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 13.08.2023 20:42

Mer om