Kort fortalt

Rekordpris for fersk laks

61,64 kroner per kilo.

22.01.2016
(NPK-NTB): I førre veke var eksportprisen for fersk laks for første gong over 60 kroner per kilo.
Prisen var 61,64 kroner per kilo. Det er ein auke på 7,6 prosent frå veka før, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB).
Norge eksporterte 12.277 tonn fersk eller kjølt laks i veke 2. Det er 13,4 prosent lågare enn i veka før, og heile 21,4 prosent lågare enn i same veke i fjor.
Kiloprisen for frosen laks var 48,60 kroner, og det vart eksportert 380 tonn. (©NPK)

Publisert: 22.01.2016 10:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49