(NPK-NTB): Med ein råsterk laksepris i ryggen opplevde sjømatselskapet Lerøy Seafood Group ei dobling av driftsresultatet i andre kvartal i år.
Selskapet oppnådde eit driftsresultat før verdijustering av biomassen (fisk i merdane) på 760 millionar i andre kvartal. Tilsvarande tal var 370 millionar i same periode i fjor.
– Prisen på atlantisk laks var rekordhøg i andre kvartal, og med dette som viktigaste drivar oppnår Lerøy Seafood Group den høgste omsetninga og det høgste driftsresultat i noko kvartal i konsernhistoria, seier konsernleiar Henning Beltestad, som trass i knalltala ikkje tar heilt av:
– Vi er nøgde med å presentere eit rekordresultat, men vi har framleis eit betydeleg forbetringspotensial. Det er vårt fokus, og det jobbar vi knallhardt med, understrekar han.
Selskapet hadde ei omsetning på drygt 4,3 milliardar kroner i kvartalet, også det ein betydeleg oppgang på over 900 millionar frå andre kvartal i fjor. Resultat før skatt og verdijustering av biomasse var 775 millionar kroner, 311 millionar meir enn i tilsvarande periode i fjor. (©NPK)

Publisert: 18.08.2016 09:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44