Kort fortalt

Rekordverdiar for straumsal til utlandet

Har seld for over fem milliardar.

04.08.2021

I første halvår av 2021 selde Noreg straum til utlandet for over 5 milliardar kroner. Krafthandelen med utlandet sette dermed rekord, rekna i kroner.

Nettoeksporten av kraft var på 3,3 milliardar kroner. Det ein tredel meir enn den førre rekorden for første halvår. Den er frå 2012, skriv E24.

Statistikken for utanrikshandelen viser at Noreg i første halvår selde kraft til utlandet for 5,1 milliardar kroner og kjøpte for 1,8 milliardar kroner.

Statnett eig og driv Noregs kraftsamband til utlandet. Konserndirektør Gunnar Løvås forklarer dei høge eksportinntektene med at prisane i marknadene rundt oss har vore høgare enn vanleg over ein periode.

– Dette kjem av ein kombinasjon av låg produksjon av vindkraft, auka prisar på kol og gass og høge prisar på utsleppskvotar som kraftprodusentane på kontinentet må kjøpe, seier han.

I sum har det gitt høge kraftprisar i utlandet.

– Dermed blir det lønnsamt for Noreg å selje kraft til utlandet. Talet for eksportinntektene i første halvår reflekterer dette, seier Løvås.

Publisert: 04.08.2021 20:41

Sist oppdatert: 05.08.2021 10:30

Mer om