Kort fortalt

Rekordstor interesse for oljeleiting

Mange vil leite etter olje på norsk sokkel.

06.09.2017
NPK-NTB: Aldri før har oljeselskapa vore så interesserte i å drive leiting på norsk sokkel som no.
Ikkje sidan TFO-ordninga vart etablert i 2003, har det komme inn fleire leitesøknader enn i år, opplyser Olje- og energidepartementet.
Da søknadsfristen gjekk ut 1. september, hadde det komme inn søknader frå 39 selskap om leitekonsesjon i førehandsdefinerte område på den norske kontinentalsokkelen.
Talet på søknader er i år er om lag dobbelt så høgt som i fjor og rundt 20 prosent høgare enn den tidlegare søknadsrekorden frå 2014.
Det førehandsdefinerte området er i denne runden utvida både i Norskehavet og Barentshavet.
Tildeling i førehandsdefinerte område (TFO) er den årlege konsesjonsrunden for dei best kjente leiteområda på norskesokkelen.

Publisert: 06.09.2017 12:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41