(NPK): I fjor var det 40,6 millionar overnattingar ved dei norske overnattingsbedriftene, ein vekst på 5,2 prosent frå 2024. Utanlandske turistar stod for den største delen av auken.
Det er første gong overnattingsstatistikken passerer 40 millionar overnattingar i løpet av eitt år. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå .
Utanlandske gjester stod for den største veksten, med 14,2 millionar overnattingar – 14 prosent fleire enn året før. Norske gjester hadde 26,4 millionar overnattingar, ein vekst på om lag 1 prosent.
Tre av fire utanlandske overnattingar kom frå Europa, med Tyskland og Sverige som dei største marknadene.
Overnattingar frå Asia auka kraftig og var i 2025 tilbake på same nivå som før pandemien.
Oslo og Vestland hadde flest overnattingar, og hotella stod for størstedelen av veksten.
(©NPK)
Publisert: 04.02.2026 13:20
Sist oppdatert: 04.02.2026 13:20





