Måløy verft
DEKNEPOLLEN: Måløy Verft ligg i Deknepollen. og er eigd av Sea Technology, der Carlson-familien er største aksjonær. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Rekordår for verft - tredobla overskotet

Solid resultat for Måløy Verft i fjor.

Marius Rosbach
03.08.2023

2022-rekneskapen viser at Måløy Verft hadde eit svært godt år i fjor.

Høg aktivitet førte til ei omsetning på rekordhøge 71 millionar – ei dobling frå året før.

Overskotet vart samtidig tredobla samanlikna med 2021, og resultat før skatt enda på drygt 4,1 millionar kroner (sjå tabell under).

Overskotet er det største på meir enn ti år for verftet som driv mykje med reparasjonar og vedlikehald. Etter tapsår i 2019 og 2020, var verftet tilbake på plussida i 2021.

Måløy Verft er heileigd av selskapet Sea Technology, der Carlson-familien er største aksjonær gjennom sitt selskap Brothers.

Måløy Verft
Årsresultat (i mill kr)20222021
Driftsinntekter7135,2
Driftsresultat4,21,4
Resultat før skatt4,11

Publisert: 03.08.2023 11:35

Sist oppdatert: 03.08.2023 11:35

Mer om