Måløy verft
DEKNEPOLLEN: Måløy Verft ligg i Deknepollen. Ved kaia ein av dei nye ambulansebåtane til Gulen Skyss og Helse Førde. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Verftet tilbake i pluss

Tente pengar i fjor etter to tøffe år.

25.07.2022

Måløy Verft tapte over 11 millionar i 2019. I 2020 vart det også tap, men i fjor var selskapet tilbake i pluss.

Omsetninga kom opp i 35,2 millionar kroner, og resultatet før skatt vart på 1,0 millionar kroner.

Måløy Verft
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 35,2 33
Driftsresultat 1,4 -0,4
Resultat før skatt 1 -0,3

Viktig kontrakt
Selskapet i Deknepollen ved Måløy driv mykje med reparasjonar, vedlikehald og slipping, men driv også med nybygg, og har nyleg levert to ambulansebåtar til Helse Førde og Gulen Skyss.

Dei 23,1 meter lange katamaranane skal ha ei fart på rundt 32 knop, og dekke heile kysten frå Stad til Bergen.

Båtane skal vere stasjonerte i Solund og Førde, og den første er allereie på plass.

For Måløy Verft var dette ei svært viktig kontrakt. Båtane vert karakteriserte som dei mest avanserte ambulansebåtane i Norge. Blant anna er det to båreplassar om bord, slik at ein kan behandle to pasientar samstundes.

Lokalt eigd
Måløy Verft er heileigd av selskapet Sea Technology, der Carlson-familien er største aksjonær med 69 prosent av aksjane gjennom sitt selskap Brothers. Det var også Sea Technology som fekk design- og byggjekontrakten på dei to ambulansebåtane.

Måløy Verft har 13 tilsette.

Publisert: 25.07.2022 10:24

Sist oppdatert: 25.07.2022 10:23

Mer om