Kort fortalt

Rekordår i oppdrett

Kraftig inntektsauke for oppdrettsnæringa.

26.08.2016
(NPK): Lakseoppdrettarane kan i år gle seg over ein kraftig auke i inntektene.
– Det er heilt fantastisk. Heilt vanvitig. Eg kan garantera at fortenesta aldri har vore så høg tidlegare, kanskje med unntak av nokre år tidlegare på 1980-talet i den tidlege fasen til næringa, seier sjømatanalytikar Alexander Aukner i DNB Markets til
Oppdrettsselskapet Salmar er eitt av selskapa med best forteneste. Dei har i år ei nettoforteneste på 102 kroner per laks før skatt. Det er meir enn dobbelt så mykje som i fjor, fortel avisa.
Både svak kronekurs, lågare produksjon og auka etterspurnad er medverkande årsaker til dei gode resultata. Men det neste halvåret må næringa truleg bu seg på at trenden snur.
– Vi får eit taktskifte frå underskot i produksjonen første halvår til auka produksjon siste halvår. Utsiktene for lågare laksepris er stor, meiner sjømatanalytikar Kolbjørn Giskeødegård.
Han trur prisen kan falla til vel 45 kroner per kilo, noko som er 20 kroner lågare enn prisane i andre kvartal. (©NPK)

Publisert: 26.08.2016 10:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44