Kort fortalt

Rem aukar overskotet

Rem Offshore aukar resultatet før skatt frå 47 millionar kroner i tredje kvartal ifjor, til 85 millionar i tredje kvartal i år.

29.08.2014
Oppsving i ratene for PSV (forsyningsskip) er hovedårsaka til betre resultat i tredje kvartal. 10 av selskapet sine 16 skip er forsyningskip. Rem Offshore melder om betre snittrater i spotmarknaden i Nordsjøen enn i tidlegare kvartal, sjølv det framleis er store svingingar mellom topp og botn i marknaden. På mellomlang sikt trur Rem Offshore at etterspørselen i Nordsjøen vil auke så mykje at den vil balansere tilbodet av nye PSV-skip som er under bygging.

Publisert: 29.08.2014 13:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22