(NPK-NTB): Fastrentene i Lånekassen blir sett ytterlegare ned frå 1. juli og blir den lågaste nokon gong.
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. juli vere 1,549 prosent for tre års bindingstid, 1,874 prosent for fem år og 2,511 prosent for ti år. For alle fastrentene er dette ein liten nedgang frå i dag. Også den flytande studielånsrenta frå 1. juli er rekordlåg, 1,825 prosent, går det fram av ei pressemelding frå Lånekassen.
Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. juli, kan gjere det i perioden 10.– 17. juni.
Ikkje alle med flytande rente kan binde renta. Kundar som for eksempel har mindre enn tre år igjen av nedbetalingstida, som får støtte til utdanning eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta. Dei som avsluttar utdanninga si i vår, kan derimot søke om fastrente nå.
482.300 av tilbakebetalarane til Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, mens 147.000 har fast rente. (©NPK)

Publisert: 09.06.2016 15:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45