Rentekutt tidlegast til hausten
Held renta uendra i dag.
NPK-NTB: Styringsrenta blir ikkje sett ned før tidlegast til hausten, varslar Noregs Bank.
– Prognosen vi legg fram i dag indikerer ei styringsrente som blir liggjande på 4,5 prosent fram til hausten, før han gradvis minkar, skriv Noregs Bank i ei pressemelding om renteavgjerda.
Gjennomsnittleg bustadlånsrente har bikka seks prosent etter at dei fleste bankane har sett den siste renteauken frå desember i verk, viser tal frå Renteradar.
Forbrukartenesta Renteradar har gått gjennom dei effektive rentene til bankane i mars. Snittrenta for dei over 120.000 brukarane av tenesta ligg no på 6,04 prosent.
Renteradar har også rekna på kor mykje brukarane kan spare på å byte til ein bank med best rentetilbod. Ifølgje berekningane kan gjennomsnittskunden spare over 10.000 kroner årleg ved å forhandle på renta eller byte bank.
Aldersgruppa som kan spare mest er dei mellom 34 og 50 år, fordi denne gruppa ofte har store lån og ikkje lenger får «Ung-fordelane» mange bankar tilbyr.
Publisert: 21.03.2024 10:45
Sist oppdatert: 21.03.2024 10:45