Kort fortalt

Rett opp for laks til Kina

Kan bikke ein milliard.

09.02.2018
NPK: I januar var eksporten av norsk laks til Kina den høgste på mange år, like mykje verd som halve lakseeksporten til landet i fjor.
– Det er artig å sjå at me er på veg tilbake etter mange krevjande år i Kina, seier Sigmund Bjørgo i Noregs sjømatråd, som er norsk fiskeriutsending i Kina, til Dagens Næringsliv.
Etter at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010, innførte Kina strenge restriksjonar på import av norsk laks. Då fall marknadsdelen til den norske laksen frå 90 til éin prosent.
I mai i fjor skreiv Noreg og Kina under på ei avtale som skal normalisere handelssambandet, og i november blei fleire restriksjonar på fiskeimport fjerna. I desember halverte Kina tollsatsane på fleire fiskeartar
Det blei i januar i år selt norsk laks for 111 millionar kroner til Kina. Dette er ein auke på 500 prosent frå året før.
– Eksporten av norsk laks til Kina kan bikke ein milliard kroner i år viss det held fram slik, seier Bjørgo til avisa. Han meiner det er innanfor rekkjevidd, men at det også kjem an på korleis marknadstilgangen utviklar seg.

Publisert: 09.02.2018 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39