Kort fortalt

Rett til fire ferieveker første året

Regjeringa gir etter for Esas krav og vil endre ferielova slik at alle får minst fire vekers betalte ferie første året i arbeidslivet.

NPK
30.03.2023

– Vi ønskjer å kartleggje alternative løysingar, der arbeidstakarar kan få både ferie og feriepengar det første året i arbeid. Utgreiinga vil gi oss svar på korleis dette kan gjennomførast praktisk, skriv statssekretær Maria Schumacher Walberg (Ap) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) i ein e-post til Aftenposten.

Ferielova slik ho er no inneber at arbeidstakarar ikkje har rett til betalt ferie det første året dei er tilsette. Noreg har meint at lova ikkje er i strid med EØS-retten, og har peika på at «oppteningssystemet i ferielova» er lik for alle og inneber ei forskyving av utbetalinga.

Esa, som er Eftas overvakingsorgan og passar på at EØS-retten blir etterlevd, har meint at ferielova strir med innhaldet i EUs arbeidstidsdirektiv. Direktivet seier at arbeidstakarane årleg skal ha minst fire vekers betalte ferie.

Fredag sende AID brev til Esa om at Noreg vil greie ut og vurdere den norske feriepengelova. Reforma vil tidlegast kunne tre i kraft neste år.

Publisert: 30.03.2023 07:27

Sist oppdatert: 30.03.2023 07:27