Mowi Folkestad
Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Retten avviser søksmål om lakseskatt

Mowi får ikkje fremma den omstridde saka for retten - i denne omgang.

24.04.2024

(NPK-NTB): Hordaland tingrett har avvist oppdrettsselskapet Mowi sitt søksmål mot staten, der dei har oppført at lakseskatten bryt med Grunnlova og EØS-reglane.

Domstolen er samd i argumentet til staten om at Mowi ikkje kan gå til søksmål etter eit vedtak i Stortinget, men at det må vente til dei har eit konkret skattevedtak å klage på, skriv NRK.

Avgjerda til retten kan ankast til lagmannsretten, og partane har ein frist på éin månad.

– Tingretten har, etter staten sitt syn, komme til eit rett resultat. Dersom denne avgjerda blir ståande, betyr det at saka stoppar opp i rettssystemet i denne omgangen, seier regjeringsadvokat Fredrik Sejersted til NRK.

Mowi har hevda at lakseskatten er innretta på ein måte som gjer at han rammar store selskap urettmessig.

Stortinget vedtok i fjor ein grunnrenteskatt på havbruk på 25 prosent med verknad frå 1. januar 2023.

(©NPK)

Publisert: 24.04.2024 11:25

Sist oppdatert: 24.04.2024 11:25

Mer om