Roger Hofseth Christian Brosstad Atea foto Marius 11
POSITIV TIL MØTE: Roger Hofseth (t.h.) er glad for at bransjen skal møte regjeringa om lakseskatten fredag, men er usikker på korleis ei løysing kan kome fram.
Nytt

Spår rettssaker og meir byråkrati

Hofseth seier bransjen blir nøydd til å ta grep for å unngå lakseskatten. – Då må dei i Oslo tilsette tusen nye for å sjekke dette.

18.11.2022

(NPK-NTB--NETT.NO): Hofseth International-eigar Roger Hofseth meiner forslaget om lakseskatt som no ligg på bordet, vil føre til eit behov for å unngå skatten.

Det kom fram då forslaget om grunnrenteskatt på næringa var tema under webinaret frå Sjømatpulsen torsdag. «Vil den varsla grunnrenteskatten i oppdrett øydeleggje næringa?» var spørsmålet som blei stilt.

– Blir nøydde til å lage meir administrasjon

– Det som skjer om dette blir innført er at ein blir nøydd til å innføre fleire selskap. Lusebehandling i eitt selskap og smolt i eitt anna. Då må dei i Oslo tilsette tusen nye for å sjekke dette, det blir rettssaker framover om kva som er normal justert gevinst, og dette fører til at dei ikkje får meir inntekter, sa Hofseth.

– Så næringa må finne måtar å unngå grunnrenteskatten, spurde ordstyrar Kristin Sandvik.

– Det må du. Vi blir nøydde til å lage meir administrasjon for å beskytte selskapet og få reell drift, svara Hofseth.

Normpris til bry
Regjeringa har sagt at grunnrenteskatten for laks skal reknast ut frå ein normpris knytt til børsprisar på skatt. Mykje laks blir selt på fastpriskontraktar til lågare prisar, som gjer at fleire selskap fryktar å måtte skatte for inntekt dei ikkje har.

Hofseth sa under webinaret at det vil bli stopp i investeringar om forslaget blir innført.

– Alle er i villreie. Dei rike på kysten er ikkje som dei rike i Oslo. Det som kjenneteiknar kystmiljøet er at om du har pengar til overs, går det inn i bedrifter.

Fleire oppdrettsselskap og andre i fiskeindustrien har permittert tilsette på grunn av usikker framtid, trass i stort utbyte. Det har førebels ikkje Hofseth-gruppen gjort.

På spørsmål frå NETT NO tidlegare i uka om permitteringar var aktuelt, svara selskapet at dei fortsatt evaluerer situasjonen.

Dei rike på kysten er ikkje som dei rike i Oslo. Det som kjenneteiknar kystmiljøet er at om du har pengar til overs, går det inn i bedrifter
Roger Hofseth

– Betydeleg politisk risiko
Med i seminaret var óg professor Ragnar Tveterås frå Universitetet i Stavanger og konsernsjef Andreas Kvame frå Grieg Seafood.

Tveterås forklarar uroa med at mykje står på spel.

– I tillegg til kontantstraumskatten treff formuesskatten ein del. Dette er ein betydeleg politisk risiko. Ein må ta eit steg tilbake og sjå kva ein står ovanfor dei neste åra.

Andreas Kvame frå Grieg Seafood meiner det ikkje er uvilje i næringa for å betale skatt.

– Men eg trur det må vere ei innretting på at skatten må innførast utan at vi mister konkurranseevna. Slik det er i dag, er det veldig usikkert.

Bransjeorganisasjonar møter regjeringa
Ordstyrar Kristin Sandvik som er kommentator i Fiskeribladet og forfattar av boka «Under overflaten – en skitten historie om det norske lakseeventyret».

– Dette er ei sak som har engasjert heile Noreg og det er ikkje ofte havbrukssaker gjer det.

Fredag er det møte mellom finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) og organisasjonane frå sjømatnæringa. Dei største havbruksselskapa takk torsdag nei til invitasjonen, og ønska at Sjømat Norge og Sjømatbedriftene representerer bransjen.

Publisert: 18.11.2022 09:42

Sist oppdatert: 18.11.2022 12:21