Kort fortalt

Rigg-kritikk frå fagforeining

Fagforeininga Safe meiner riggane i Nordsjøen skal tole monsterbølgjer, og at dødsulykka i førre veke ikkje skulle kunne skje.

04.01.2016
(NPK-NTB): Éin person omkom og ytterlegare to personar vart skadde då ei bølgje trefte riggen COSL Innovator onsdag før nyttår.
– Dette skulle ikkje kunne skje. Ein ny rigg frå 2011 skal vere dimensjonert for å tole vêret i Nordsjøen. Vi er spente på svara frå tre granskingar og politietterforskinga. Lærepunkta frå granskingane må føre til forbetringar, seier Roy Erling Furre, 2. nestleiar og HMS-ansvarleg i Safe til Aftenbladet.
Bølgja som trefte riggen kan ha vore oppimot 30 meter høg, ifølgje riggeigar COSL Drilling Europe.
Politiet i Stavanger har oppretta undersøkingssak etter hendinga, men så langt er ingen avhøyrde. (©NPK)

Publisert: 04.01.2016 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49