(NPK-NTB): 7.500 riggarbeidarar som gjekk til gruppesøksmål for å få nattillegg medrekna i sitt pensjonsgrunnlag, tapte i Høgsterett.
Industri Energi og SAFE kom i 2011 med eit felles gruppesøksmål på vegner av 7.500 medlemmer i 18 bedrifter som er med Norges Rederiforbund. Kravet var at nattillegget skulle inngå i pensjonsgrunnlaget for tariffesta, kollektive pensjonsordningar innanfor offshoresektoren.
Dei tapte saka i Stavanger tingrett og vann i Gulating lagmannsrett, men Norsk Rederiforbund anka dommen til Høgsterett, som no har komme fram til at nattillegget ikkje skal reknast med i pensjonsgrunnlaget.
Advokat Alexander Lindboe i seier at han er fornøgd med at dei vann fram med at nattillegget er eit fast tillegg ut ifrå ei tolking av føretakspensjonsloven, og at dei dermed både vann og tapte i Høgsterett.
– Eg kan ikkje sjå anna no enn at vi nå må bringe saka inn for Finanstilsynet og be dei om å gi pålegg for at nattillegget skal bli rekna med i pensjonsgrunnlaget, seier Lindboe.
Høgsterett kom til at tariffavtalen er det sentrale avtalegrunnlaget, og at bedriftsvise pensjonsavtaler må fortolka på denne bakgrunn, skriv Industri Energi. (©NPK)

Publisert: 01.07.2016 14:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45