NPK: Ryggbeina er eit avfallsproblem i fiskeindustrien. No kan det vere pengar å tene i å bruke det som agn i fisket etter snøkrabbe.
Snøkrabbe ved Svalbard er spådd å bli eit storfiske. Det mest vanlege agnet er akkar – eit dyrt agn som heller kunne vore brukt som menneskemat, skriv avisa Sunnmørsposten.
– Det er for gale å bruke akkar, fiska i Sørishavet, når vi har løysinga her på Valderøya, seier Arild Giske i Scan Mar til avisa.
Verksemda har i løynd testa det nye agnet i snøkrabbefisket. Ferdige agnpølser med opphakka ryggar frå sei er lagt rett i teinene. Med i prosjektet har dei hatt Nofima og reiarlaget Arne Birkeland.
Arild Giske presenterte ideen for seniorforskar Sten Ivar Siikavoupi i Nofima i fjor sommar. Han har forska på kongekrabbe i 20 år.
– Då eg såg prototypen, fekk eg umiddelbar tenning. Noko av det som gjorde meg begeistra var at strømpa er laga av bomull og ikkje nylon. Dermed unngår vi at fisket etter snøkrabbe bidrar til plastproblemet i havet, seier forskaren til avisa.
Den første prøvefangsten i full skala er neste steg i prosjektet.

Publisert: 04.12.2017 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40