(NPK-NTB): I 2012 hadde oppdrettsanlegga på Senja 15 gonger så mange lakselus per fisk som tillate, men det vart halde skjult for Mattilsynet. Tiltalen mot den daglege leiaren gjeld også falsk forklaring og fleire brot på matlova.
Økokrim vil også frådømme mannen retten til å ha ei leiande stilling i eit havbruksselskap i to år, skriv . I tillegg bør Nord Senja Laks, betale sju millionar kroner i bot og få inndratt ytterlegare ein million, meiner Økokrim.
Sjølv om den tiltalte mannen har erkjent straffskuld, meiner forsvararen hans at påstanden er altfor streng.
– Vi meiner den ber preg av at saka er ei prestisjesak for dei. Straffeforslaget manglar nødvendig forankring i praksis frå liknande type saker, skriv Bjørn Sørgård i ein e-post til avisa. Han set si lit til at retten ser at «Økokrims straffeforslag er i utakt med realitetane»
Også advokaten til selskapet synest straffepåstanden er for dryg og meiner ei bot på to millionar er meir passande. Dommen er venta om drygt to veker.

Publisert: 01.10.2015 10:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50