Vanylven blir ein av sju kommunar som har tatt i bruk eit dataprogram til for å svare innbyggarane på spørsmål.
Dataprogrammet er ein såkalla chatbot, eit program som kan gi svar på dei fleste vanlege spørsmål til kommunen. Du skriv inn eit spørsmål, dataprogrammet svarar. Programmet skal også lære og blir betre etterkvart som det blir brukt.
– Vi meiner dette er framtida og noko vi verkeleg har trua på. Vanylven må tenkje nytt for at vi skal kunne oppretthalde gode velferdstilbod til våre innbyggarar. Roboten som vi tek i bruk i dag, er eit skritt mot ein meir digitalisert og effektiv kvardag, seier rådmannen i Vanylven kommune, Andres Chr, Nørve i ei pressemelding.
Roboten er ikkje ein søkemotor, men har kunstig intelligens som utviklast gjennom bruk. Kommunane er sjølv med på å utvikle dei mest vanlege spørsmåla om byggesak, skjenkeløyve, barnehageplass, eldreomsorg og andre type spørsmål. Dei tilsette vil få meir tid til å løyse andre og meir krevjande oppgåver.
Roboten heiter KF Chatbot og er utvikla av Kommuneforlaget AS i samarbeid med Convertlligence. Løysinga blir også blant anna brukt av DNB og Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus med sine 67 000 studentar. Vanylven er ein av sju kommunar i landet som no brukar KF Chatbot, heiter det i pressemeldinga.

Publisert: 06.11.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41