Kort fortalt

Romjula: Nettoimport av straum

Bidrog til å redusere straumprisen.

05.01.2022

For første gong sidan april hadde Noreg nettoimport av straum i juleveka. Dette bidrog til å redusere straumprisane til 144 øre per kilowattime, skriv NVE.

Den siste veka i 2021 hadde Noreg nettoimport av straum frå utlandet for første gong sidan veke 14 i april, skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei oppdatering.

Det byrja å blåse på kontinentet og saman med at forbruket fall på grunn av juleferien, førte det til eit fall i kraftprisen. Samtidig hadde Sør-Noreg blant dei høgaste straumprisane i heile Europa sidan fleire norske vasskraftverk reduserte straumproduksjonen sin for å spare på vatnet. Dette førte til høg import av billigare kraft frå utlandet.

Prisen fall 44 prosent samanlikna med veka før, og straumen vart i dei sørlege områda i Noreg omsett for 144 øre per kilowattime. Midt- og Nord-Noreg hadde framleis den lågaste kraftprisen i Europa med 50 øre per kilowattime.

Mot slutten av veka skjedde det òg eit fall i dei europeiske gassprisane. Forventningar om ein mild vinter og auka tilførsel av LNG med skip førte til fall både i dei nordiske og tyske framtidskontraktane på straum med høvesvis 23 og 26 prosent for første kvartal i år.

Publisert: 05.01.2022 16:30

Sist oppdatert: 05.01.2022 16:31

Mer om