Kort fortalt

Rot i ny laurdagsavisordning

Avisene manglar leveringsadresser.

03.10.2016
(NPK): Rot i adresselistene for laurdagsombering av aviser gjer at ein del abonnentar står i fare for å ikkje få laurdagsavisa når selskapet Kvikkas tar over ansvaret frå Posten 5. november.
Logistikkselskapet Mediaconnect, som organiserer distribusjonen for fleire aviser, har oppdaga at mange leveringsadresser mangla på listene til både Kvikkas og avisboda, skriv Nationen.
– Til saman kan tusenvis av abonnentar på landsbygda stå utan avis på laurdagane, seier assisterande direktør Kjell Løite i Mediaconnect til avisa.
Samferdselsdepartementet har i eit brev til Mediaconnect vedgått at ein del adresser no verken er dekt av bodleveringstenesta Helthjem eller av Kvikkas, men at dei arbeider med å utvide avtalen med Kvikkas for å få med dei abonnentane som manglar. Departementet meiner likevel at alt skal komme på plass før Kvikkas tar over. (©NPK)

Publisert: 03.10.2016 10:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44