Kort fortalt

Russland: Saudi-Arabia foreslår oljekutt

Vil kutte global oljeproduksjon fem prosent.

28.01.2016
(NPK-NTB-Reuters): Opec-kjempa Saudi-Arabia har, ifølgje Russland, foreslått eit globalt kutt i oljeproduksjonen på opp til 5 prosent. Oljeprisen spratt opp da nyheita kom.Prisen på eitt fat nordsjøolje var oppe i over 34 dollar fatet torsdag ettermiddag, ein auke på rundt éin dollar frå formiddagshandelen.
Dersom påstanden frå Russland stemmer, kan vi stå overfor den første universelle avtalen på over eit tiår om å dempe produksjonsoverskotet som det siste året har vore med på å drive oljeprisen kraftig ned.
Energiminister Aleksander Novak seier at Saudi-Arabia har foreslått at dei oljeproduserande landa kuttar produksjonen med opp til 5 prosent. For Russland – den største oljeprodusenten i verda – inneber det eit kutt på rundt 500.000 oljefat per dag.
– Dette er eit tema som blir diskutert, det er for tidleg å snakke om, sa Novak til pressa etter å ha røpt forslaget frå saudiarabarane. (©NPK)

Publisert: 28.01.2016 17:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48