Kort fortalt

Rutebuss til Geiranger slår an

– Reis som lokalbefolkninga, er slagordet.

10.06.2016
(NPK): Den nye rutebussen frå Ålesund til Geiranger har på kort tid vorte svært populær blant turistar.
Fylkesbilselskapet Frammr står saman med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre bak tilbodet, som starta opp i mai, fortel NRK.
Bussen går to gonger per dag frå Ålesund til Geiranger via Stranda og Hellesylt. I Geiranger har passasjerane to og ein halv time til å sjå seg rundt før bussen går tilbake til Ålesund over Eidsdal og Linge.
– Dermed får dei sjå «indrefileten» frå bussvindauget og ferjedekket side om side med lokalbefolkninga. Vi har berre fått kjempepositive tilbakemeldingar, seier reiselivssjef Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre til NRK.
Så populært er den lokale mjølkeruta, at fleire reisemål no står for tur, mellom anna til Nordøyane og Runde og til Trollstigen og Hjørundfjorden. (©NPK)

Publisert: 10.06.2016 18:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45