NPK-NTB: Kjell Inge Røkke og Øyvind Eriksen, styreleiar og konsernsjef i Aker OS, er tildelt Rystad Energys heiderspris for bidraget deira til oljeindustrien i Noreg.
Dei to fekk prisen under det årlege arrangementet Gullkronen onsdag, kalla Oscar-prisen til norsk oljenæring.
– Kjell Inge Røkke og Øyvind Eriksen har bidrege på svært positiv måte til utvikling av norsk oljeindustri både innanfor oljeservice og oljeproduksjon, seier juryformann Jarand Rystad.
Juryen trekkjer i grunngivinga si spesifikt fram Røkke og Eriksens arbeid for ei rekkje restruktureringar, refinansieringar, oppkjøp, fusjonar og fisjonar. Mange av grepa har vore kontroversielle, men samla sett har dei bidrege til å skape ein verdsleiande leverandørindustri ut frå Noreg.
Tidlegare heiderssprivinnarar inkluderer Gro Harlem Brundtland og Arve Johnsen, hovudarkitekten bak skipinga av Statoil, som i fjor bytte namn til Equinor.

Publisert: 07.02.2019 08:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36