(NPK): Kjell Inge Røkke og Aker søkjer saman med Norway Royal Salmon no om utviklingsløyve for ei storsatsing på ein ny type offshore-oppdrettsanlegg.
Samarbeidspartnarane reknar med at utviklinga av dei halvt nedsenkbare og vêrsikre 77 meter vide merdane, kjem til å koste rundt 900 millionar kroner, etter det kommunikasjonsdirektør Atle Kigen seier til fiskeriavisa IntraFish.
Kigen fortel at Aker og Norway Royal Salmon eig halvparten kvar av det nye selskapet som no søkjer om utviklingskonsesjonar.
– Det viktige no er å få avklart søknaden. Så snart det er gjort, er vi klare til å starte ganske kjapt, seier Kigen.
Det er enno ikkje avklart kor superanlegget skal liggje, men planen er å teste det ut i Troms eller Finnmark. Det er førebels òg uvisst kven som skal byggje anlegget.
Dei to selskapa meiner industriprosjektet deira vil danne ein ny og banebrytande standar og berekraftig vekst i havbruksnæringa. Teknologien kan òg seljast og utnyttast andre stader i verda, og på den måten kan han vere med på å realisere måla til FNs mat og landbruksorganisasjon (FAO) om global vekst i akvakulturnæringa, heiter det. (©NPK)

Publisert: 18.03.2016 13:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47