Kort fortalt

Rømt regnbogeaure i Tafjord

300 fiskar tatt på to dagar.

18.08.2016
(NPK): Fiskeridirektoratet fekk måndag tips om fangst av regnbogeaure inst i Tafjorden i Møre og Romsdal. Det var teke aure på stong, og det var sett aure som gjekk i sjøen.
På initiativ frå direktoratet er det gjort eit prøvefiske med garn i området. Det er fanga i overkant av 300 individ i dette fisket på to dagar.
Verksemda Fjordlaks Aqua As har oppdrettsanlegg med regnbogeaure i fjorden. Selskapet har fått pålegg om utvida gjenfangstfiske, i tillegg til pålegg om dykkarinspeksjon av alle anlegg med regnbogeaure i området.
Det vil bli sikra genetisk materiale av regnbogeauren for om nødvendig å kunne spore kvar fisken kjem frå. (©NPK)

Publisert: 18.08.2016 09:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44