Kort fortalt

Sa nei til åtte millionar

André Eidskrem fekk ikkje høgt nok bod for domene.

12.01.2016
(NPK-NTB): Ålesundaren André Eidskrem sa natt til tysdag nei til eit bod på 900.000 dollar, nesten 8 millionar kroner, for domenet by.com.
Eidskrem har eigd domenenamnet sidan 1996. Natt til tysdag blei det lagt ut på auksjon i Las Vegas, men nådde ikkje Eidskrems minstepris, skriv .
– Det gjekk frå 650.000 dollar oppover til rundt 900.000, og så stoppa det. Då går det vidare til ein tidagarsauksjon etterpå, seier Eidskrem til VG, som er til stades på hotellet Tropicana i Las Vegas, der domeneauksjonen går føre seg i samband med konferansen NamesCon.
Eidskrem seier at han sa nei til 8 millionar kroner med glede, men vil ikkje seie kva minsteprisen han har sett for å selje er. Men det er i alle fall ein del meir enn 900.000 dollar, seier han til VG.
Eidskrem kjøpte domenet for 5.000 dollar i 1996.
Han er dagleg leiar og største eigar i IT-selskapet Intrahouse i Ålesund, med 6,7 millionar kroner i driftsinntekter og 2,7 millionar kroner i resultat før skatt i 2014. Intrahouse eig dotterselskapt Intraspider. Det selskapet hadde 1,6 millionar kroner i underskot i 2014.

Publisert: 12.01.2016 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49