Kort fortalt

Saknar løn etter Kleven-konkurs

Fleire arbeidarar ventar på NAV-avgjerd.

10.07.2023

Tre år etter konkursane i dei tre tidlegare Kleven Verft-selskapa, ventar arbeidarar på ei avklaring om kva dei skal få utbetalt.

Det skriv Sunnmørsposten, som viser til årsrapporten frå buet.

Saka gjeld vederlag for feriedagar som ikkje var teke ut, og temaet har mellom anna vore oppe i Oslo tingrett nyleg. No ventar buet på ei avklaring frå direktorat og departement på korleis dei skal handtere sakene, skriv avisa.

Det er tidlegare kjent at bustyrar Bjørn-Åge Hamre førebur seg til rettssak mot den tidlegare verftseigaren Tomislav Debeljak til hausten. Her vil striden stå om 193 millionar kroner – og utfallet vil avgjere om det blir dekning for kreditorane etter Kleven-konkursane.

Publisert: 10.07.2023 14:24

Sist oppdatert: 10.07.2023 14:34

Mer om