Bjørn Åge Hamre innfelt Tomislav Debeljak foto Ogne Marius 11
SØKSMÅL: Bustyrar Bjørn Åge Hamre har jobba i lengre tid med eit søksmål mot tidlegare Kleven-eigar Tomislav Debeljak (innfelt). Rettssaka er beramma til hausten. Foto: Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

Møtest i søksmål til hausten

Nøkkelpersonar ved Kleven-verftet er sentrale vitne når konkursbuet møter tidlegare eigar i retten.

Marius Rosbach
04.01.2023

Søksmålet som buet etter Kleven-konkursane har teke ut mot den tidlegare verftseigaren, Tomislav Debeljak, kjem for retten i november. Det er sett av sju dagar til saka i Hordaland tingrett frå 8. til 16. november.

Konkursbuet etter verftet i Ulstein krev 193 millionar kroner frå den kroatiske forretningsmannen. I tillegg er det teke ut stemning mot forsikringsselskapet Tryg, som teikna forsikring om styreansvar.

Sentrale tilsette skal vitne

Bustyrar Bjørn Åge Hamre fortel at dei framleis jobbar med saksførebuingar og kven som skal kallast inn som vitne.

- Sentrale tilsette med nøkkelfunksjonar vil vere aktuelle vitne, seier Hamre.

Det inkluderer truleg både tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad og finansdirektør Ola Beinnes Fosse. Førstnemnte kom som kjent i ope konflikt med den kroatiske eigaren før dei tre verftsselskapa blei slått konkurs.

Buet vil vere representert ved Bergens-advokat Jan Vablum frå firmaet Simonsen Vogt Wiig. Deloitte-advokat Mari Wetlesen representerer motparten.

Tap på 351 millionar
Buet har i lengre tid jobba med eit søksmål mot den tidlegare verftseigaren for å få inn noko av dei 351 millionane som gjekk tapt.

Sommaren 2021 konkluderte konkursbuet med at dei heldt den kroatiske forretningsmannen personleg ansvarleg for konkursane.

I stemninga som blei levert til tingretten i fjor går det fram at dei meiner Debeljak mislegheldt plikta til å organisere verksemda på ein forsvarleg måte og handla i strid med lojalitetsplikta mot selskapet.

Meiner bankane gjorde feil
Tomislav Debeljak var styreleiar i Kleven etter at selskapet hans, Div Group, gjekk inn som eigar våren 2020.

Han har forklart at han meiner å ha gjort det rette for å berge verftsselskapa, og meiner det var feil av bankane å seie opp avtalen med verftet før konkursen i juli 2020.

Debeljak meiner økonomien var betre enn kreditorane hevda, og at det ikkje var grunnlag bankane til å seie opp avtalen.

Publisert: 04.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 04.01.2023 05:15

Mer om