Kort fortalt

Saksøkt selskap konkurs

Hadde ikkje midlar til å føre rettssak.

10.01.2023

Sydvendt Invest som har vore eigarselskap i Emineo Gruppa i Søvik, har meldt oppbod, melder Sunnmørsposten.

Årsaka er at selskapet ikkje har midlar til å føre ei sak, som konkursbuet etter byggefirmaet Emineo As har anlagt, ifølgje styreleiar Stian Volstad.

Sydvendt Invest er saksøkt av buet som krever tilbakeført fire millionar kroner i utbytte til det konkursråka selskapet.

Volstad opplyser til avisa at det aktuelle utbytte vedteke lenge før dei fekk indikasjonar på at økonomien i Emineo var dårleg.

Ifølgje rettspapira til Møre og Romsdal tingrett har Sydvendt Invest ei gjeld på kring 3,5 millionar.

Publisert: 10.01.2023 15:22

Sist oppdatert: 10.01.2023 15:24

Mer om