rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Saksøkt styreleiar frikjent på alle punkt

Misnøgde huseigarar til rettssak etter at byggefirma gjekk konkurs.

Marius Rosbach
11.02.2025

Striden om byggearbeid ved eit hus i Herøy enda med søksmål og rettssak i Møre og Romsdal tingrett. 

Huseigarane var misnøgde og meinte jobben som blei utført av selskapet Snekkergruppen Ålesund var mangelfull, og at reklamasjonar ikkje var følgt opp. 

Må betale sakskostnader
Difor gjekk dei til søksmål og kravde erstatning frå styreleiar og dagleg leiar i selskapet etter aksjelova. Snikkarfirmaet melde oppbod kort tid etterpå. 

No har tingretten frikjent bedriftseigaren på alle punkt. 

Huseigarane anslo for retten at dei hadde tapt kring 350.000 kroner, i hovudsak grunna tapte leigeinntekter fordi saka trekte ut i tid. 

I staden for erstatning må saksøkarane ut med nær 250.000 kroner i sakskostnader til bedriftsleiaren. 

Fleire selskap gjekk over ende
Både Snekkergruppen Ålesund AS og Snekker Gruppen AS enda i skifteretten i fjor. Bustyraren mistenkte først fleire straffbare forhold i konkursane – men snudde og anbefalte ikkje konkurskarantene mot styreleiaren og innehavaren. 

Bedriftsleiaren hadde også roller i Snekkergruppen Ulsteinvik AS som blei starta i april 2024, og Snekker Holding AS, som blei registrert i 2018.

Sistnemnte selskap er oppløyst og vedkomande har trådd ut av rollene sine i Ulsteinvik-selskapet.

Publisert: 11.02.2025 16:36

Sist oppdatert: 11.02.2025 16:39

Mer om