rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Snikkarfirma nummer to konkurs

Har roller i fem selskap. No har to meldt oppbod.

Marius Rosbach
01.08.2024

Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i selskapet Snekker Gruppen torsdag.

Selskapet som blei etablert i 2018 har opplyst å ha kring 1,7 millionar kroner i gjeld. Verdiane er anslått å vere i underkant av 900.000 kroner, ifølgje rettspapira.

Inntektene til firmaet dei siste fem åra, har variert frå 14.000 til 6,8 millionar kroner. Selskapet har opplyst at verksemda er i gong, men at det ikkje er nokon tilsette.

Innehavar og dagleg leiar er same person som stod bak Snekkergruppen Ålesund som melde oppbod tidlegare i sommar. I dette selskapet har det vore betydeleg høgare aktivitet med ei omsetning på nær 12,5 millionar i 2022.

Vedkomande er registrert med 12 roller i fem ulike selskap. Han er mellom anna dagleg leiar i Snekkergruppen Ulsteinvik som blei starta i april, og Snekker Holding, som blei registrert i 2018.

Øystein Remme er bustyrar i saka som har planlagt skiftesamling 16. september.

Publisert: 01.08.2024 20:15

Sist oppdatert: 01.08.2024 20:47

Mer om