Kort fortalt

Samarbeid om jobbsøknad

To Fosnavåg-bedrifter vil hjelpe jobbsøkarar.

11.03.2016
Fosnavåg-selskapa Verto Norge og Exlevel vil samarbeide om eit seminar for å hjelpe jobbsøkarar i dagens arbeidsmarknad, opplyser selskapa i ei pressemelding fredag.
Therese Frøystad Igesund er gründer bak firmaet Exlevel som er leverandør av kurs- og konsulenttenester innan Microsoft Office.
Henning Karlsen eig og driv bemanningsbyrået Verto Norge.
Dei viser til at arbeidsmarknaden er i endring og jobbsøkeprosessen meir utfordrande.
Gjennom eit dagsseminar på Thon Hotel Fosnavåg vil selskapa lære jobbsøkarar avgjerande tips og råd om jobbsøkeprosessen og gi auka forståing for kva ein bør satse på vedrørande kompetanseheving innan Microsoft Office.
- Med enkle grep kan du auke sjansane dine til å få ny jobb, fastlår dei.

Publisert: 11.03.2016 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47