Kort fortalt

Samarbeid Widerøe - Norwegian

Kan bestille kombinasjonsreiser.

28.01.2018
NPK-NTB: Flyselskapet Widerøe inngår samarbeid med Norwegian på norske kortbaneruter. Samarbeidet gjer det mogleg å bestille kombinasjonsreiser med dei to flyselskapa.
Widerøe opplyser at den nye avtalen gjeld Widerøes kortbaneruter og Norwegians innanlandsruter. For reisande vil det vere mogleg å bestille kombinasjonsreiser med Widerøe og Norwegian frå mars 2018.
– Widerøe gjer fleire ting for å sikre at kundar på små stader skal ha eit godt tilbod. Vi fortset det gode samarbeidet med SAS, opprettar nye direkteruter og inngår samarbeidsavtale med Norwegian på kortbanenettet, opplyser selskapet.
Ifølgje Widerøe vil den nye avtalen sikre Widerøes kundar større valmoglegheit når det gjeld reiserute, tidtabell og pris. Såkalla gjennomgåande billettar vil gi kunden kortare reisetid – ifølgje Widerøe vil minimum tid mellom avgangar bli redusert frå 2 timar til 30 minutt på alle lufthamner unntatt Oslo Gardermoen, der minimumstida mellom avgangar blir 45 minutt.
Reisande vil dessutan no kunne sjekke inn bagasje heilt fram til reisemålet i Noreg. Avtalen inneber samtidig at passasjerar blir varetekne ved kanselleringar eller forseinkingar undervegs.
– Widerøe jobbar utan stans med å betre flytilbodet for våre kundar ute i Distrikts-Noreg. Vi beheld vårt gode samarbeid med SAS og kunden får fleire reisealternativ å velje mellom. I sum vil dette gi eit betre tilbod, så dette blir bra for Widerøes kundar, seier Christian Skaug, direktør for Network & Pricing i Widerøe.
Avtalen er inngått i tråd med reglane i anbodsavtalen mellom Widerøe og Samferdselsdepartementet.
Desse rutene er inkluderte i avtalen:
* Oslo–Røros
* Alle ruter mellom Florø, Førde, Sogndal, Sandane og Ørsta/Volda til Oslo og Bergen
* Trondheim til Helgeland (MQN, MJF, BNN, SSJ)
* Trondheim og Oslo til Rørvik og Namsos
* Alle ruter i Nordland, Troms og Finnmark, bortsett frå Bodø–Bardufoss
* Direkteruter frå Oslo til Helgeland (MQN, MJF, BNN, SSJ) og Lofoten/Vesterålen (SVJ, LKN, SKN)
* Direkteruter frå Bergen til Bodø og Tromsø
* Sandefjord/Kristiansand/Trondheim til Evenes

Publisert: 28.01.2018 10:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40