Kort fortalt

Samde med grunneigarar kring skipstunnelen

Anbod må vente på nytt meklingsmøte.

Marius Rosbach
04.06.2024

Kystverket melder at dei har kome eit skritt lenger i arbeidet med Stad skipstunnel.

I eit nyheisbrev blir det opplyst at dei no har fått tilkomst og eigedomsrett til alle eigedomar som trengst for å bygge samferdselsprosjektet.

Saka var oppe i retten i mai månad, med partane vart samtidig oppmoda om å kome til forlik – som også vart løysinga.

Det første meklingsmøtet hos statsforvaltaren, om protestane frå Vestland fylkeskommune, førte ikkje fram. Nytt møte er planlagt 17.juni.

Først når dette er løyst, kan kommunestyret i Stad vedta ei reguleringsplan for området, og anbodet for å bygge skipstunnelen bli sendt ut i marknaden.

Publisert: 04.06.2024 16:25

Sist oppdatert: 04.06.2024 16:25

Mer om