Kort fortalt

Samfunnsøkonomar går i rette med Sandberg

Vert samanlikna med totalitære regimer.

01.03.2016
(NPK-NTB): Tre samfunnsøkonomar ved NTNU i Trondheim hevdar det verkar som fiskeriminister Per Sandberg (Frp) trur han er tilsett som ambassadør og lobbyist for norsk sjømatnæring.
I ein kronikk i med tittelen «Sandberg og den mørke krafta», svarar førsteamanuensis Anne Borge Johannesen og professorane Jon Olaf Olaussen og Anders Skonhoft på eit oppgjer med «motkreftene som svekkjer norsk fiskerinæring» som statsråden varsla i avisa 20. februar.
På spørsmål om kven dei mørke motkreftene er, svara han ifølge dei tre at det er «politikarar, professorar, institusjonar, dei finst på universiteta våre og i akademia».
– Han seier rett ut at professorar og tilsette på universiteta ikkje skal ta for seg kritikkverdige forhold innan fiskeria. Dei skal heller ikkje bruke sin fagkunnskap for å ytre seg om dei store og veksande miljøproblema norsk oppdrettsnæring står overfor», skriv samfunnsøkonomane i sin kronikk.
Dei meiner at det Sandberg seier og ønsker, er kjente synspunkt frå totalitære regime og avsluttar med å spørje korleis ministeren som har ansvaret for universiteta, stiller seg til utsegnene frå fiskeriministeren. (©NPK)

Publisert: 01.03.2016 08:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47