ID: 12839310
(NPK): Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) seier han er optimistisk med tanke på å få ein ny kvoteavtale på plass med Storbritannia.
– Storbritannia har halvparten av makrellkvoten no og den største delen av torsk, hyse og kviting i EU. I nord har dei halvparten av torskekvoten og størsteparten av hysa, så dei er eit svært viktig land på dette området, sa Sandberg på ein pressekonferansen i høve Brexit onsdag, skriv Dagens Næringsliv.
Han trur likevel det bør vere gode moglegheiter til å få på plass ein eventuell ny kvoteavtale med Storbritannia.
– Eg er forsiktig optimist med tanke på nye samarbeidsavtaler med Storbritannia. Det bilaterale samarbeidet mellom Storbritannia og Noreg er svært godt. Dette skal ein byggje vidare på, relasjonane er sterke og ingenting tilseier at det blir knute på tråden, seier Sandberg.
Han understrekar også at det er fleire utfordringar med Brexit knytt til norsk sjømateksport.
– Storbritannia er ein viktig sjømatmarknad. I 2015 var det vår fjerde største sjømatmarknad, spesielt for laks, torsk og hyse. Det var 25 prosent vekst i sjømateksport til Storbritannia frå 2014 til 2015 og det berre aukar i 2016 også. Det er viktig at marknadstilgangen vert styrkt, seier Sandberg. (©NPK)

Publisert: 24.08.2016 14:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44